torsdag 6. juni 2013

Beiteslepp av mjølkekyr

 Det er alltid litt skummelt og spennande første dagen kyrne skal ut etter vinteren. Dei kyrne som har vore med på det før blir heilt yre og ville når dei forstår kva som skal skje.
Andre er meget skeptisk til å gå ut døra og ut i det skarpe lyset.
 Vi har ein drivgard som vi kaller for ei gjeil. Då er det lett å få kyrne til å gå rett ut på beitet. Bonden går sjølvsagt bak og passar på.
 Første dagen ute på beitet blir det lite mat og mykje mosjon. Kyrne må gjere seg kjent og er alt slik det var i fjor. Smakar ferskt gras slik dei huskar?
 Idyllisk med blomstrande hegg og vårstor elv rennande langs med beitet.
 Første dagane blir rangordningen innført. Då er det tydelig kamp om kven som bestemmer og kven som innordnar seg. Slik er det i dyreverdenen.
Den største kyra vi har, er den som alltid viker for dei andre. Rart, men sant.
Deilig med ferskt gras, lys, fuglesang og frisk luft!
Likevel set kyrne pris på at det er tid for mjølking på ettermiddagen slik at dei kan komme inn og kvile på bås, tygge drøv og kose seg til neste morgon.
Bonus for bonden, fjøsen blir skikkelig reingjort, også oppe i båsane.

tirsdag 4. juni 2013

Studietur til Viksdalen for 4H-gardsinteresserte 27.mai 2013

Kjekt å kunne vise fram Viksdalen på sitt vakraste

Grøne bøar, snø på fjellet og blå himmel

Velkommen og info i Eldhuset på Tuftegarden 4H-gard

Mange er spent for dagen, men klar for nye inntrykk og masse inspirasjon

Lunsj i Ragnahuset

Langbordet dekka til 11 personar

Og salongbordet til resten...


Det deltok 16 personar frå 4 fylker på årets studietur og inspirasjonssamling. Her var folk frå Sogn og fjordane, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. Når lunsjen var vel overstått gjekk turen vidare til Fosseheimen Naturpark 4H-gard (www.fosseheimen.no)  og vart avslutta med Flatheim 4H og friluftsgard ( www.gaularfjellet.no).