mandag 2. mai 2011

Gardsovernatting - velkommen til "Marialoftet"!





Her er gode Svanemadrassar, deilige dunputer og -dyner. i kombinasjon med vakre, vevde sengeåkle.

 

 Med jomfrumariabilder og andre bilder med englar søv du trygt i den varme og kjærleg atmosfæren  her på "Marialoftet"
Det er sengeplass til 4 her på "Marialoftet"  - koseleg og intimt - perfekt for sengepraten som varar til sistemann sovnar midt i ei setning...!

Natursti i "Hundremeterskogen" vår!

Det vesle skogholtet rett bak garden vår kaller vi "hundremeterskogen". Her er det mange treslag, spennande steinar, små bekkar og mange lure gøymeplassar. Vi har merka naturstien med gule sløyfeband, men du må gjerne utforske heile området også utenom stien!
I "Hundremeterskogen" finn du nokre av dei som bur der...under eit tre, oppå ein stein eller høgt oppe i eit tre! Undervegs kan du sjå om du finn konglar og kanskje nokon har ete på dei? Kven kan det vere?
Kanskje finn du spor av andre dyr også? Heilt sikkert vil du høyre mykje fuglelåt, kjenner du att nokre fuglelydar?
Vi har satt opp to ulike balanseliner - dei må du prøve! Morro for små og store!


Open Gard på Tuftegarden 4H-gard

I påska hadde vi open gard Langfredag, Påskeafta og 1.Påskedag. Vi er godt fornøgd med besøket og alle dei glad gjestane som kom for å sjå på kyllingane, kaninungane, lamma og geitene våre. Vi opna faktisk første dagen med ein nyfødd kalv!
Ikkje alle torde seg inn i storfefjøsen, men mange tøyde eigne grensar og dro fra garden med ei god mestringskjensle.









onsdag 5. januar 2011

Ørn i sikte

I dag da jeg sto ute på tunet fikk jeg først øye på ei ørn som svevde høyt oppe over stølen vår. Jeg slutter visst aldri å la meg fasinere over disse store flotte fuglene. Plutselig fikk den eine ørna selskap av ei til. Dei sirkla og svevde og låg berre og flaut på vinden og vêret. Det var mens eg sto og studerte disse to at eg fekk auge på ørn nummer tre!
Då eg kom inn att i hus måtte eg finne litt meir utav dette med ørn. Mest truleg var det kongeørn eg såg i dag, eit par med ein unge.
Eg las at kongeørna er stadbunden og lev oftast i livslange parforhold. Dei får 1-2 egg med eit par dagars mellomrom. Det gjer at det vert alderskilnad mellom fugleungane og oftast veks berre ein (den eldste opp).

"Kongeørna har en kroppslengde på 80 - 95 cm og et vingespenn på 190 - 225 cm. Hannen er mindre enn hunnen, og hannen veier 2,8 til 4,5 kg, mens hunnen veier 3,8 til 6,6 kg. Klørne er i overkant av 5 cm lange (gjelder indre og bakre klo). I stup kan kongeørna oppnå en hastighet på ca. 150 km/t."
Aquila chrysaetos USFWS.jpg