tirsdag 19. oktober 2010

Eksotisk kulturmøte; 4H-medlemer frå Viksdalen møtte 4H-medlemer frå Gambia

Fem 4H-arar frå Gambia har vore på studietur i Oslo/Akershus og Sogn og Fjordane dei siste vekene. Tysdag var det klart for gambisk-viksdalsk kulturmøte i gamma på Tuftegarden 4H-gard.


Gambisk og norsk mat
Stemninga var unik og eksotisk då ungdomar frå Viksdalen og ungdomar frå Gambia var samla til kulturkveld. Dei mange frammøtte frå dei tre 4H-klubbane på Viksdalen fekk lære gambiske leikar, lytte til gambisk musikk og smake benechine, den gambiske ”lapskausen”. Viksdalsungdomen på si side stilte opp med lappar steikt på bål og lærte vekk ”bom på boks” og andre norske leikar.

Dei fem gambiarane var svært fornøgde etter kulturkvelden og etter å ha opplevd ein del av det Sogn og Fjordane har å by på den siste veka.
- Det har vore eit veldig bra opphald, oppsummerar Alieu Ceesay som jobbar i 4H Gambia.
- Noreg er eit kaldt land, men menneska er varme, legg Musa Samura, ein av dei andre besøkande, til.

Lært om norsk landbruk
Dei fem gambiske 4H-medlemene har budd på Tuftegarden 4H-gard store delar av opphaldet i Sogn og Fjordane. Der har dei lært om norsk landbruk og tatt del i gjeremåla på garden. Dei har òg besøkt Fosseheimen Naturpark 4H-gard, bremuseet i Fjærland og deltatt på haustfest i Den grøne riddar 4H i Bygstad.

4H Norge har samarbeidd med 4H Gambia sidan 1987. Studieturen er ein del av samarbeidet mellom dei to organisasjonane.

Utveksling av leikar frå Gambia og Noreg

Tilbereding av den gambiske lapskausen

Gryta putrar over bålet

Engasjert og spennande samtale

4H-klubbane steikte lappar til dei gambiske gjestane

Besøk i kyrafjøsen

Møte med geitene våre på Geitaholmen

Båt og fiske var ein fellesnevnar mellom Gambia og Noreg





1 kommentar: