torsdag 6. juni 2013

Beiteslepp av mjølkekyr

 Det er alltid litt skummelt og spennande første dagen kyrne skal ut etter vinteren. Dei kyrne som har vore med på det før blir heilt yre og ville når dei forstår kva som skal skje.
Andre er meget skeptisk til å gå ut døra og ut i det skarpe lyset.
 Vi har ein drivgard som vi kaller for ei gjeil. Då er det lett å få kyrne til å gå rett ut på beitet. Bonden går sjølvsagt bak og passar på.
 Første dagen ute på beitet blir det lite mat og mykje mosjon. Kyrne må gjere seg kjent og er alt slik det var i fjor. Smakar ferskt gras slik dei huskar?
 Idyllisk med blomstrande hegg og vårstor elv rennande langs med beitet.
 Første dagane blir rangordningen innført. Då er det tydelig kamp om kven som bestemmer og kven som innordnar seg. Slik er det i dyreverdenen.
Den største kyra vi har, er den som alltid viker for dei andre. Rart, men sant.
Deilig med ferskt gras, lys, fuglesang og frisk luft!
Likevel set kyrne pris på at det er tid for mjølking på ettermiddagen slik at dei kan komme inn og kvile på bås, tygge drøv og kose seg til neste morgon.
Bonus for bonden, fjøsen blir skikkelig reingjort, også oppe i båsane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar