Gambisk og norsk mat
Stemninga var unik og eksotisk då ungdomar frå Viksdalen og ungdomar frå Gambia var samla til kulturkveld. Dei mange frammøtte frå dei tre 4H-klubbane på Viksdalen fekk lære gambiske leikar, lytte til gambisk musikk og smake benechine, den gambiske ”lapskausen”. Viksdalsungdomen på si side stilte opp med lappar steikt på bål og lærte vekk ”bom på boks” og andre norske leikar.
Dei fem gambiarane var svært fornøgde etter kulturkvelden og etter å ha opplevd ein del av det Sogn og Fjordane har å by på den siste veka.
- Det har vore eit veldig bra opphald, oppsummerar Alieu Ceesay som jobbar i 4H Gambia.
- Noreg er eit kaldt land, men menneska er varme, legg Musa Samura, ein av dei andre besøkande, til.
Lært om norsk landbruk
Dei fem gambiske 4H-medlemene har budd på Tuftegarden 4H-gard store delar av opphaldet i Sogn og Fjordane. Der har dei lært om norsk landbruk og tatt del i gjeremåla på garden. Dei har òg besøkt Fosseheimen Naturpark 4H-gard, bremuseet i Fjærland og deltatt på haustfest i Den grøne riddar 4H i Bygstad.
4H Norge har samarbeidd med 4H Gambia sidan 1987. Studieturen er ein del av samarbeidet mellom dei to organisasjonane.
![]() |
Utveksling av leikar frå Gambia og Noreg |
Tilbereding av den gambiske lapskausen
Gryta putrar over bålet
![]() |
Engasjert og spennande samtale |
![]() |
4H-klubbane steikte lappar til dei gambiske gjestane |
Besøk i kyrafjøsen
Møte med geitene våre på Geitaholmen |
Båt og fiske var ein fellesnevnar mellom Gambia og Noreg |
Kjekt med blogg frå Tuftegarden 4H gard!
SvarSlett