onsdag 15. desember 2010

Førjulskos på Tuftegarden 4H-gard

Laurdag 11. desember var 40 små og 30 store klare for å bruke nokre timar til førjulskos på Tuftegarden 4H-gard. I eldhuset var det eld på grua, og alle fekk kjenne på atmosfæren her, samstundes som dei blei ynskte velkommen og fekk litt orientering om Tuftegarden og dagens aktivitetar. Dei som ville kunne vidare legge ut på ein liten natursti i ”Hundremeterskogen”.
Der  møtte ein  på litt ymse, som informasjon om dei ekte bebuarane i  skogen, -og ein kunne møte på eventyrbebuarane i Hundremeterskogen. Dei som ikkje ville til skogs kunne spasere langs gardsvegen bort til Gamma. I Gamma var det også eld på grua, varmt og godt og skikkeleg julelukt. Her blei det servert gløgg, graut og saft til små og store. For første gang på fleire månader kom det litt regn denne dagen, så det vart bygd snømenn og ellers aka og leika i snøen i  bakkane og rundt Gamma. Nissen oppdaga at det var mange samla på ein stad, og fann det høveleg å ta ein tur med ein sekk clementiner som han delte ut til alle som ville ha. Takk til Barnas Turlag Fosseheimen Gaular som stilte med god dugnadshjelp til arrangementet!
LindaKristin ønsker velkommen til gards

Koselig med fyr på grua i Eldhuset

God stemning

Skilt viser vei til Hundremeter


Små og store undervegs for å gå naturstien; finner vi Ole Brumm og vennene hans?

Skilt ved grinda inn til naturstien som går gjennom Hundremeterskogen

Stien er godt merka med skilt i busker og trær

Faktaark undervegs om dyra som lever i skogen. Fleire av desse er laga av deltakara på 4H Matskule i haustferien.

Spennande bru undervegs. I bakgrunnen ser vi den gamle "tåfloren". Det var ein fjøs som vart nytta om sommaren før i tida. Den låg i grensa mot utmarka ogskogen, der kyrne gjekk og beita.

 Hytte med flott utsikt, bygd av Tuftegardsungane

I Hundremeterskogen finnes det eit "ugletre". Her kan du lese om kattugla, den vanlegaste ugla her omkring.

Servering av graut og gløgg i Gamma

Men - er det ikkje nissen som kjem over brua?

Tenk at han hadde tid til å stikke innom arrangementet til Barnas Turlag og Tuftegarden 4H-gard.

Godt og varm i Gamma med fyr i grua.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar