mandag 2. mai 2011

Natursti i "Hundremeterskogen" vår!

Det vesle skogholtet rett bak garden vår kaller vi "hundremeterskogen". Her er det mange treslag, spennande steinar, små bekkar og mange lure gøymeplassar. Vi har merka naturstien med gule sløyfeband, men du må gjerne utforske heile området også utenom stien!
I "Hundremeterskogen" finn du nokre av dei som bur der...under eit tre, oppå ein stein eller høgt oppe i eit tre! Undervegs kan du sjå om du finn konglar og kanskje nokon har ete på dei? Kven kan det vere?
Kanskje finn du spor av andre dyr også? Heilt sikkert vil du høyre mykje fuglelåt, kjenner du att nokre fuglelydar?
Vi har satt opp to ulike balanseliner - dei må du prøve! Morro for små og store!


2 kommentarer: